Restaurering av Ryggjehøbue i Reinheimen nasjonalpark

Det er sett av middel i bestillingsdialogen for 2013 til restaurering av ei jaktbu, Ryggjehøbue, i Reinheimen nasjonalpark. Tiltaket er no utført.

Dei to sherpaene Phurba Gyalzen Sherpa og Tapchen Lama har i løpet av dagane 17. - 18. juli teke ned og bygt opp att den gamle steinbue nord for Råkåvatnet i Finndalen statsallmenning. Bue har fått ny mønsås, og veggar og tak er retta opp att. Den gamle døra med skyteglugg er teke vare på, og sett inn att som før.

(Publisert:22.07.2013 Sist endret:13.01.2014)