Per Magnus Berdal attvald som styreleiar for Reinheimen

Styreleiar Per Magnus Berdal t.h, og nestleiar Bjarne E. Holø t.v. på bilete.
Styreleiar Per Magnus Berdal t.h, og nestleiar Bjarne E. Holø t.v. på bilete., Foto: Kristine Sørlie

Nasjonalparkstyret for Reinheimen har i møte 14.mars vald ny leiar og nestleiar, og medlem til arbeidsutvalet for neste 4-års periode. Per Magnus Berdal, varaordførar Norddal kommune, vart attvald som leiar. Bjarne Eiolf Holø, ordførar i Lom, vart vald som nestleiar. Mariann Skotte, ordførar i Lesja, utgjer arbeidsutvalet saman med Per Magnus Berdal og Bjarne Eiolf Holø.

Protokollen frå konstituerande møte kan du lese ved å laste opp pdf dokumentet under:

(Publisert:16.03.2016 Sist endret:17.03.2016)