Kompetansedagar for Breheimen, Jotunheimen og Reinheimen

Bispen, Kongen, Dronninga i Trollstigen landskapsvernomåde t.v. Storgrovfjellet i Reinheimen nasjonalpark t.h.
Bispen, Kongen, Dronninga i Trollstigen landskapsvernomåde t.v. Storgrovfjellet i Reinheimen nasjonalpark t.h., Foto: Vegard Lødøen

I samarbeid med Fylkesmannen og Miljødirektoratet arrangerte nasjonalparkforvaltarane kompetansedagar for dei nye nasjonalparkstyra 12.-13. april i Lom:  Program.
Nasjonalparkstyret for Reinheimen gjennomførte også styremøte på Norsk Fjellmuseum etter kompetanseprogrammet 13.april.

Samlinga vart innleia med lysbilete frå Breheimen, Jotunheimen og Reinheimen. 
Ordførar i Lom, Bjarne Eiolf Holø, ønskte velkomen.

Styreleiar  Per Magnus Berdal, Reinheimen, nyleg attvald etter ein periode som leiar delte erfaringane frå styreperioden som var gått, og formidla forventningar til perioden ein nett er i gang med.
 – Korleis har det vore  – erfaringar, utfordringar, forventningar

Naturarven – vårt nasjonale ansvar v/ Ingrid Vaagland Stav, Miljødirektoratet
Oppgåver og roller i forvaltning av verneområda

Fylkesmannen som tilretteleggar  og arbeidsgjevar
v/ Harald Klæbo og  nasjonalparkforvaltar Kristine Sørlie

Rammer for forvaltning av verneområda v/jurist Hege Langeland, Miljødirektoratet
- Styret som forvaltningsstyresmakt -  Kva er handlingsrommet?
- Eksempel på klagesaker der vedtak har gått ut over handlingsrommet

Arbeidsdagen til Statens naturoppsyn – v/ Thomas Rødstøl og Rigmor Solem

Kulturminne i verneområde v/ Torill Nygård, kulturarveininga i fylkeskommunen

Første dag vart avslutta med middag på Fossheim Hotell og kulturelt innslag

Dag 2 vart innleia med bildeforedraget «Fjellnatur» v/ Geir Høitomt

Verdiskaping – Besøksforvaltning (Merkevarestrategi)
Jotunheimen  som pilot v/ nasjonalparkforvaltar Kari Sveen

Bruk og vern
- Utfordringar i verneområda
- Diskusjon med salen

(Publisert:07.04.2016 Sist endret:04.05.2016)