Høyring - Skjøtselsplanar for landskapsvernområde knytt til Reinheimen

Fra Brøstdalen i Romsdalen lvo
Fra Brøstdalen i Romsdalen lvo, Foto: Kristine Sørlie

Skjøtselsplan for Finndalen, Lordalen, Brøstdalen, Gravdehaug og Muldalen er på høyring i perioden september - november 2019. Alle som har interesser i området eller som har meiningar om planforslaga er velkomne til å uttale seg. Føremålet med skjøtselsplanane er å oppretthalde kvalitetane i kulturlandskapet, gje råd både om naudsynte restaureringstiltak, og om skjøtselstiltak for å ivareta landskapsverdiar og artsmangfald for framtida.

Nasjonalparkstyret for Reinheimen har forvaltningsansvaret for 6 landskapsvernområde knytt til Reinheimen nasjonalpark, og starta opp arbeidet med revidering av skjøtselsplanar for heilskaplege kulturlandskap i verneområda knytt til Reinheimen, sommaren 2018. Miljøfaglegutredning (MU) fekk i oppdrag å utarbeide skjøtselsplanar, som nå er lagt ut på høyring: HER

Les meir under fana over: Skjøtselsplanar

Kva ønskjer vi innspel på?
- Forslag til aktuelle skjøtselstiltak, i tabell.
- Fakta om arealbruk og arealbrukshistorikk områda, og for kvar setergrend. Dersom det skulle vera faktafeil, ønskjer vi å få retta opp i dei.

Høyringsfrist: 11.november 2019.
Merknader skal sendast på e-post til: fminpost@fylkesmannen.no, eventuelt med post til: Nasjonalparkstyret for Reinheimen, Postboks: 978, 2626 Lillehammer.

Kontakt
Spørsmål til skjøtselsplan skal rettast til nasjonalparkforvaltar Kristine Sørlie,
e-post: fmopkso@fylkesmannen.no, tlf.: 468 97 683

Etter høyringa
Nasjonalparkstyret vil vurdere alle innspel som kjem inn under høyringa. Det er nasjonalparkstyret for Reinheimen som tilslutt skal godkjenne skjøtselsplanen.

(Publisert:26.08.2019 Sist endret:06.09.2019)