Hengegras - veks i Finnmark og i Finndalen

Hengegras
Hengegras, Foto: Miljøfaglig utredning AS

Hengegras er ein kritisk, trua og svært sjeldan art i Noreg. Sør for Kautokeino har den einaste voksestad langs Finna mellom Bredistulen og Sterringen. I ny skjøtselsplan for Finndalen, utarbeidd av Miljøfaglig utredning AS på oppdrag frå nasjonalparkstyret, er det foreslått tiltak for å hindre nedbeiting av den sjeldne arten.

Storfe ser ut til å beite mykje på arten langs elva Finna. I skjøtselsplan for Finnadalen vert det derfor foreslått mål og tiltak for å ta vare på arten på sikt, slik at den kan komme til blomstring. For å skjerme Hengegraslokaliteten mot beiting, er det gjerda inn et lite areal med strømgjerde ned mot Finna elv, på Breidstulen. Det er nasjonalparkforvaltnings som har ansvar for gjerdet, og SNO/fjelloppsyn i Finndalen sørger for ettersyn av gjerdet.

 

(Publisert:07.07.2019 Sist endret:08.07.2019)