Klima

Klima er den gjennomsnittlege værtypen ein finn i eit område over tid, t.d. 30 år.
Klimaet i området varierer frå klart oseanisk (kystprega klima) i dei nordvestelege delane av området til kontinentalt (innlandsklima) i Lom, Vågå og deler av Skjåk og Lesja. Fjella i grenseområda mellom Møre og Romsdal og Oppland gjev ein regnskugge som har følgjer for klimaet i området. Vest i Romsdalsfjella kan det falle opp mot 2000 mm nedbør i løpet av eitt år mot 200 - 300 mm i delar av Vågå, Lom og Skjåk. Opplandsdelen av området har eit typisk kontinentalt klima med varm sommar og kald vinter. Kystområda har mild vinter og kald sommar.
 (etter Verneplan for Reinheimen, 14.03.04)
(Publisert:19.03.2013)