Dyreliv

Fjellrevar.Dyrelivet i Reinheimen har villreinen som ein nykkjelart, men anna dyrelivet er også rikt til stades i verneområda. Faunaen i dei aktuelle verneområda viser stor variasjon i leveområde, frå produktiv barskog via fjellbjørkeskog til risheier, lavflyer og vegetasjonsfrie område i dei høgastliggande områda. I tillegg finst artar knytt til vatn og våtmark. Verneplanområdet har difor totalt sett ein artsrik fauna. Nøkkelartane i økosystemet er blant anna lemen, ramn, rype, jaktfalk, kongeørn og villrein. Det er også fast tilhald av elg, hjort, rådyr, gaupe og jerv innanfor området.

Villrein.Villrein
Reinheimen er ein del av leveområdet for villreinen i området Reinheimen-Breheimen villreinområde. Området er kjent for villrein i god kondisjon med høge vekter og stor kalvetilvekst. Villreinområdet har gode beiteområde gjennom heile året. Området er samanhengande og gjev villreinen gode moglegheiter for å trekke til næringsrike beite til ei kvar tid på året. Spesielt om vinteren er dette viktig, då snøforholda er avgjerande for kor reinen kan finne beite. Forvaltninga av villreinstammen er gjort planmessig, og villreinutval og -nemnd har god oversikt over beiteforhold, områdebruk og tilvekst. Vinterstammen har dei siste åra vore på rundt 2000 dyr. Noreg er det einaste landet i Europa som har restar av den opphavelege fjellreinen, og vi har såleis eit spesielt ansvar for å ta vare på villreinen.
 
Gamle fangstanlegg viser at det har vore villrein i området langt tilbake i tid. Reinen sin bruk av området i dag samsvarar mykje med den tradisjonelle som låg til grunn for plassering av graver og bogesteller. Frå 1840 og fram til 1964 var det tamreindrift i området. I 1964 vart det dåverande Trio tamreinlag lagt ned og det vart etablert eit villreinområde ved at det vart sett ut tamrein. Det har også vorte sett ut tamrein i Trollstigområdet, først i 1958 og så i 1999.
 
Villreinen i Reinheimen er inne i ei forvillingsfase. Den opphavlege tamreinen var lite sky. Dette kan skuldast både genetikk og tillæring. Etter oppstart av jakt i 1967 måtte reinen gradvis lære seg at menneska ugjorde ein fare. I dag er Ottadalsreinen meir sky enn villreinen i Forelhogna og Norefjell-Reinsjøfjell, men har ikkje så lang fluktavstand som Snøhetta- og Hardangerviddastammane. Reinen reagerer mykje likt på turgåarar som jegerar, og dermed vil turvandrarar stresse reinen, og ved uheldig omfang av ferdsla; presse dyra bort for mykje trafikkerte område.
 
Villreinen i dag brukar dei austre delane av området som vinterbeite. Viktige område dei siste åra har vore Liafjellet i Vågå og Lom, områda vestover mot Horrungen i Skjåk, og nordover mot Lordalen i Lesja. Kalvinga har skjedd på begge sider av Lordalen dei siste åra, men også nordover mot Grøndalen, rundt Aukarsvatnet og over mot Finndalen. Reinen finn mye av sommarbeitet i same områda som der det er vinterbeite, men skiftar vegetasjonstype og høgdelag. Mange av bukkane trekkjer nordvestover på sommarbeite i Rauma, Norddal og nordvestre delar av Skjåk og Lesja. Også fostringsflokkar med simler og kalv kan halde seg lengre nordvest om sommaren, men ikkje så langt i ytterkantane som bukkane. Den vesle delstammen ved Trollstigen held seg i nord-vest heile året.
 
Reinen vil vere særleg utsett for forstyrringar rundt indre del av Lordalen, ved Aursjoen, og når han er på trekk til/frå Finndalen og Liafjellet. Trekka går konsentrert gjennom fleire skar på begge sider av Lordalen. Vi viser til villreinkartet for nærare opplysningar.
 
 
Fugl 
(Les også meir om fugl her)
Innanfor verneplanområdet er det registrert over 115 hekkande fugleartar. Av desse artane er 12 oppført på lista over truga fuglearter i Noreg. Dette tilsvarar 20 % av talet på artar som står på "raudlistene". Verneplanområdet Reinheimen har stor verdi i forvaltninga av truga fugleartar i Noreg. Vi finn kongeørn og jaktfalk spreidd i området. Hekkeplassane til desse er sårbare for forstyrring. Fleire utprega høgfjellsartar har ei sterk tilknyting til området. Dette gjeld til dømes fjellerke, fjæreplytt, havelle, boltit og myrsnipe. Hos desse artane finn ein mellom 20-40 % av hekkebestanden i Oppland fylke innanfor verneplangrensene.
 
To våtmarksområde peiker seg ut som spesielt verdfulle og eit av desse har kvalitet av nasjonal verneverdi. Dette gjeld Råkåvatnet/Leirungsvatnet med 20 arter av hekkande våtmarksfugl. Artane bergand, havelle og svartand står på den nasjonale raudlista. Området er omtala i verneplan for våtmarksområde i Oppland. Også våtmarksområda langs Finna i botnen av Finndalen har stor verneverdi. I dette elvelandskapet er det registrert 47 artar, av dei 17 typiske våtmarksfuglar.
 
Dei rike edellauvskogsliene langs Tafjorden og i Romsdalen gjev grunnlag for artar som ulike sangarar og spettar. Vi finn nokre hekkande kvitryggspett i både langs Tafjorden og i Romsdalen. Denne arten er Noregs mest truga hakkespett, og har krav til gammal og rotnande lauvskog i leveområda sine. Kvitryggspetten er karakterisert som sårbar på den norske raudlista for truga artar. Det er også registrert gråspett i Romsdalen, som er ein omsynskrevjande raudlisteart, medan statusen til dvergspett i området er meir usikker.
 
Store delar av planområdet er gode produksjonsområde for rype. Fjellrypa er knytt til dei høgastliggande områda, medan lirypa har leveområda sine i bjørkeskogbeltet i lågalpin region.
 
(etter Verneplan for Reinheimen, 14.03.04) 
sol (Publisert:21.11.2011 Sist endret:07.06.2018)

Fuglelivet i Reinheimen

Fuglelivet er ein viktig del av det biologiske mangfaldet, og vi let oss fascinere av fuglane sin flukt, song og fargerike fjærdrakt. Norsk Ornitologisk Forening (NOF), Oppland har utarbeidd ei artsliste for Reinheimen. Den enkelte art er lenka opp til artsomtale på NOF sine heimesider. (http://www.birdlife.no/). Det er også laga ein oversikt over rødlista artar.

(Publisert:19.03.2013)