Planteliv

FlekkmarihandPlantelivet består av vegetasjonstypar og enkeltartar. Reinheimen er eit stort og variert område med stor variasjon i vegetasjon og flora. Det har stor spennvidde i miljøtilhøve og inneheld mange verdifulle lokalitetar og interessante og dels truga artar.
 
Gradientane går på kyst-innland, nord-sør, høgde over havet og næringsfattig mineraljord til næringsrikjord. For fleire naturtypar og artar er førekomstane innafor planområdet av stor verdi regionalt og til dels nasjonalt. Dei store skilnadene i høgde over havet gjer at området ligg i ulike vegetasjonssoner, noko som skaper variasjon avhengig av klimatiske forhold som nedbør og temperatur. Gaarder og Melby (2003) omtalar området som "Med unntak av verneområdene knyttet til Dovrefjell, er det sannsynligvis ingen andre verneområder i Nord-Europa som kan vise til tilsvarende spennvidde i naturmiljøet."
 
Dei mest verdifulle områda i forhold til sårbare eller trua planteartar er:
 
  • Snaufjellet nær Slådalsvegen frå Grønhøi i Lesja og sørover til Skaihøi i Vågå og Lom kommunar er artsrik, og har ein svært interessant kalkkrevjande fjellflora. Berre dei aller beste klassiske "plantefjella" i Sør-Noreg kan oppvise eit større mangfald med fleire sjeldsynte artar.
  •  Finndalen er ein utprega kontinental fjelldal. Elvesletta representerer eit variert og interessant miljø. Denne sletta med tilhøyrande kulturlandskap er særeigen og av stor regional til nasjonal verdi.
  • Landskapet rundt Billingen er prega av dei to elvene Tora og Frøysa som går saman rett ved setrene. Dei mest artsrike miljøa ligg langs elvene, og spesielt langs dei partia som er påverka av fosserøyk. Her finn ein mellom anna ein rik flora av saltlavar.
  • Langs austsida av Tafjorden finn vi artsrike edellauvskogar med tilhøyrande raudlista insekt- og fugleartar.
  • Daurmålhaugen og Huldrekoppen i Norddal er 2 kalkrike lokalitetar med fjellvegetasjon. Her finn vi fleire austlege artar med norsk vestgrense.
  • Borga i Romsdalen er ein kalkrik lokalitet med bl.a. funn av den austlege arten lapprose.
  •  I Romsdalen finn vi ein stor botanisk variasjon med mange viktige lokalitetar. Dalen er eit nasjonalt viktig kulturlandskap med viktige slåtteenger og naturbeitemarker. Innafor verneframlegget langs Rauma finn vi avsnørte elvedammar og bakevjer med austlege planteartar. Selen har ekstremrik myr. På Flatmark-Skiri er det rike edellauvskogar og ved Ryggvatna er det gammal furuskog med tilhøyrande artar.
  • I Brøstdalen er det fleire rike naturbeitemarker som Kabben og Horgheimsetra. På Horgheimsetermoen har vi gammal furuskog med austlege, kravfulle artar.
Utmarksbeiting og setring har gjeve grunnlag for artsrike engsamfunn. Slike er framleis å finne rundt fleire av setrene særleg i Finndalen. Redusert beitetrykk og slått fører til gjengroing av mange enger, mens andre har mista sitt artsmangfald som eit resultat av oppdyrking eller bruk av kunstgjødsel.
 
(etter Verneplan for Reinheimen, 14.03.04) 
(Publisert:21.11.2011)

Artsliste - planter

Nedanfor er det lagt ut artslister frå ulike botaniske kartleggingar i Reinheimen.

(Publisert:19.03.2013 Sist endret:10.05.2013)