Besøksstrategi for verneområda i Reinheimen - høyring

Nasjonalparkstyret for Reinheimen sender forslaget til besøksstrategi for verneområda i Reinheimen på høyring med frist for innspel 28.06.2019. Besøksstrategien er fagleg godkjent av Miljødirektoratetet. Gjennom høyringsrunda ynskjer nasjonalparkstyret innspel frå aktuelle aktørar i og rundt verneområda i Reinheimen.

Bakgrunn:

Stortingsmelding 18 (2015-2016) om Friluftsliv fastsette at alle nasjonalparkar i Noreg skal ha eigne besøksstrategiar innan 2020. Målsetjing med arbeidet er skissert i prosjektplanen:

Føremålet med å utarbeide ein besøksstrategi er få til ei samla besøksforvaltning for Reinheimen nasjonalpark og tilhøyrande landskapsvernområde. Gjennom arbeidet skal ein ivareta og sikre naturverdiane og kulturverdiane i verneområda, samstundes som ein skal bidra til å oppretthalde grunnlaget for landbruksnæring og busetjing i nær tilknyting til verneområda. Meir fokus på besøksforvaltning skal ha som mål å gje ei betre oppleving for dei besøkande. Dette kan bidra til ei auka mogelegheit for lokal og brei verdiskaping i området.

Innspel:

Besøksstrategien legg med overordna strategi «Reinheimen er attraksjonen - verdiskapinga skjer utanfor» opp til auka aktivitet utanfor verneområda. Prioriterte innfallsportar er lokalisert til infrastruktur og tenester rundt området. Målet er auka verdiskaping og at formidling av Reinheimen med verneverdiar skal bidra til gode opplevingar til ulike målgrupper.

Fleire informasjons- og tilretteleggingstiltak på innfallsportane skildra i besøksstrategien er ikkje ferdig prosjektert og det er ynskjeleg med gode lokale prosessar i det vidare arbeidet. God forankring av besøksstrategien i lokalmiljøa er ynskjeleg. Nasjonalparkstyret vil ha:

- innspel på om tiltaka i besøksstrategien er gode nok for å imøtekome mål og strategiar i besøksstrategien.

- forslag på tiltak og samarbeidsarenaar som vil styrke besøksforvaltninga.

Vidare prosess:

Etter høyringsfristen vil innspela handsamast. Det blir lagt opp til ei samling for fagleg rådgjevande utval og administrativt kontaktutval for Reinheimen hausten 2019, i forkant av nasjonalparkstyret for Reinheimen si endeleg handsaming og vedtak av besøksstrategien.

Ved ynskje om meir informasjon eller vidare dialog, ta gjerne kontakt med underteiknande på e-post: fmmrinoy@fylkesmannen.no eller telefon 91557809.

Vedlegg:

- Besøksstrategi for verneområda i Reinheimen

- Vedlegg 1 - Reiseliv og besøkande i og rundt Reinheimen - som grunnlag for vidare arbeid med besøksforvaltning

(Publisert:05.09.2019)