Besøksstrategi

Med bakgrunn i auka besøk til våre naturområde er det bestemt at alle nasjonalparkar i Noreg skal ha eigne besøksstrategiar innan 2020, jf. Meld. St. 18 (2015-2016) om Friluftsliv. Ein besøksstrategi er ein plan for korleis forvaltningsmyndigheita vil handtere besøksforvaltning for verneområdet. Målet med besøksstrategien er å ivareta verneverdiane, auke forståing for vernet, gje besøkande gode opplevingar og bidra til lokal verdiskaping.

Reinheimen nasjonalparkstyre er i gang med besøksstrategi for Reinheimen. På denne sida vil vi legge ut relevant informasjon undervegs i prosessen.

Besøksstrategien skal vise kva tiltak som er nødvendige for å balansere verneverdiar, besøkande, brukarinteresser og lokal verdiskaping.

Besøksstrategien skal vise kva tiltak som er nødvendige for å balansere verneverdiar, besøkande, brukarinteresser og lokal verdiskaping.



Besøksstrategi for Reinheimen godkjent

Besøksstrategi for Reinheimen vart vedteke av nasjonalparkstyret for Reinheimen 02.12.2019 og er i brev 19.12.2019 godkjent av Miljødirektoratet. Besøksstrategien skal ligge til grunn for framtidig besøksforvaltning knytt til verneområda i Reinheimen. Sjå besøksstrategien i lenke under. 

(Publisert:06.02.2020)

Høyringsuttaler besøksstrategi

Besøksstrategi for verneområda i Reinheimen vart sendt ut på høyring 02.05.2019 med frist 28.06.2019. Innkomne uttaler er lista opp nedanfor. Det er lagt opp til møte med fagleg rådgjevande utval, administrativt kontaktutval og nasjonalparkstyret for Reinheimen 23.09.2019 der det blir dialog om besøksstrategien attpå høyringsprosessen.

(Publisert:05.09.2019 Sist endret:06.02.2020)

Besøksstrategi for verneområda i Reinheimen - høyring

Nasjonalparkstyret for Reinheimen sender forslaget til besøksstrategi for verneområda i Reinheimen på høyring med frist for innspel 28.06.2019. Besøksstrategien er fagleg godkjent av Miljødirektoratetet. Gjennom høyringsrunda ynskjer nasjonalparkstyret innspel frå aktuelle aktørar i og rundt verneområda i Reinheimen. Bakgrunn: Stortingsmelding 18 (2015-2016) om Friluftsliv fastsette at alle ...

(Publisert:05.09.2019 Sist endret:06.02.2020)

Kunnskapsgrunnlag

Eit godt kunnskapsgrunnlag er avgjerande for ein god besøksstrategi. Nedanfor følgjer oversikt over kunnskapsrapportar:

(Publisert:12.03.2018 Sist endret:06.02.2020)

Oppstartsmøte

I samband med besøksstrategien for Reinheimen vart det heldt eit oppstartsmøte i Lom 12.10.2017. På møtet deltok arbeidsutvalet for Reinheimen nasjonalparkstyre, administrativt kontaktutval, Reinheimen-Breheimen villreinutval, Norges nasjonalparkkommune- og landsbyar.

(Publisert:31.10.2017 Sist endret:06.02.2020)

Prosjektplan

Nasjonalparkstyret for Reinheimen vedtok 26.06.2017 Prosjektplan for besøksstrategi. Planen skal vera eit arbeidsdokument for arbeidet med besøksstrategien. Prosjektplan

(Publisert:20.10.2017 Sist endret:27.04.2018)