Forskrift og regelverk

For Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde er det laga ei eiga forskrift der reglane for bruk og forvaltning av verneområdet er fastsett. I tillegg er det fleire andre lovar og forskrifter som og må takast omsyn til.

Det viktigaste regelverket er verneforskrifta for landskapsvernområdet. Den er på ein måte "bibelen" for forvaltinga. Verneforskrifta er laga eksklusivt for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde og gjeld kun der. Alle verneområder har si eiga forskrift som blir laga og vedteken samstundes med at vernet vert oppretta. Link til verneforskrifta finn de i botnen av sida.

Verneforskrifta er ganske kort og generell. Den er derfor ikkje særleg detaljert og vi vil ikkje alltid finne svaret på det vi lurer på der. Då kan vi sjå om det er skrive noko om det i føredraget til kongeleg resolusjon, eller om det er sett retningslinjer i forvaltningsplanen.

Naturmangfaldlova vart vedteken i 2009, og legg mange føringar for all miljø- og naturforvalting. Den er derfor særs sentral i all forvaltning av verneområder. Etter at naturmangfaldlova kom so er det faktisk sånn at alle alle vedtak som verkar inn på naturmiljøet skal vere i tråd med naturmangfallova. Link til naturmangfaldlova nederst på sida.

Det er og ein del andre lover som vil ha betydning for all bruk og forvaltning av utmark, både det som er verna og det som ikkje er verna. Sjølv om eit område har fått vern og eigne vernereglar, fritek ikkje det området for andre sektorlover. Døme på slike lover er plan- og bygningslova, friluftslova, viltlova, motorferdsellova med fleire. Alle lover og forskrifter kan ein finne på Lovdata sine nettsider. 

 

 

(Publisert:12.06.2012 Sist endret:25.07.2012)