Tiltaksplan og planlagde tiltak

Ein tiltaksplan er ei slags liste over kva tiltak ein ynskjer å gjennomføre i og rundt verneområdet, og i tillegg opplysningar kring korleis tiltaket skal utførast, kven som har ansvar for det, kortid det skal gjerast og kor store kostnadar det vil føre med seg.

Verneområdeforvaltaren er i gang med å lage til ein tiltaksplan for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Dersom nokon har tips til gode tiltak må dei gjerne ta kontakt med verneområdeforvaltaren.

Døme på tiltak:
- Skjøtsel av kulturlandskap
- Vern av spesielle naturverdiar
- Legge til rette for friluftsliv (informasjon, stiar, bruer, parkering)

I tiltaksplanen tek vi med det meste av tiltak som vi får innspel om eller meinar vi bør jobbe med, og samlar ein del informasjon om dei ulike tiltaka. Men ein skal vere klar over det at det er ikkje alle tiltaka på planen som er like realistisk å få gjennomført freå forvaltninga si side. Nokre tiltak er for kostbare å få gjennomført med dei midlane vi har tilgjengele. Andre kan vere på sida av dei føremåla som vi får lov å bruke våre tildelte midlar til. Og nokre innmeldte tiltak vert rett og slett nedprioritert og må vike for andre, viktigare tiltak.

Tiltaksplanen er ein dynamisk plan. Her blir det lagt til nye tiltak etterkvart som dei kjem inn. Her vert det lagt til å endra informasjon kontinuerleg. Og ikkje minst vert gjennomførte tiltak sjekka ut av planen. Planen er derfor meir eit arbeidsreiskap enn eit formelt dokument.

Lenke til tiltaksplan per september 2015 finn du nederst på sida.

Forvaltninga tek fortlaupande imot innspel og forslag til tiltak. Ta kontakt med verneområdeforvaltar om du har forslag til tiltak.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:21.12.2011 Sist endret:29.09.2015)