Tiltaksmidlar frå Miljødirektoratet

Statens naturoppsyn ryddar sti i Ålfotbreen landskapsvernområde
Statens naturoppsyn ryddar sti i Ålfotbreen landskapsvernområde

Kvart år får verneområdestyret midlar frå Miljødirektoratet som skal brukast på planlagde skjøtsels-, tilretteleggings- og informasjonstiltak.

Ved slutten av kvart år vert det lagt planer for kva tiltak det er behov for og ynskje om å gjennomføre det komande året. Verneområdestyret set opp ei liste i samråd med forvaltar, naturoppsyn, grunneigarar og andre interesser. Denne lista vert sendt til Miljødirektoratet som ei bestilling.

Aktuelle tiltak
Skjøtsel: Skjøtte kulturlandskap og andre naturverdiar slik at ein tek vare på dei verdiane som er der. Til dømes fjerning av uønska granskog og rydding av tidlegare beitemark.
Tilrettelegging: Legge til rette for ferdsel og aktivitet som er ønska i og rundt verneområdet. Til dømes lage parkeringsplassar, utbetre stiar, bygge bruer og merke stiar. Kan og gjerast for å kanalisere ferdsel.
Informasjon: Informere besøkande og andre interesserte om verneonmrådet, kvalitetar, opplevingar, regelverk og forvaltning. Til dømes ved å sette opp informasjonstavler og trykke opp brosjyrer.

Miljødirektoratet tek i mot slike bestillingar frå alle som forvaltar verna natur i Norge; nasjonalparkstyre, verneområdestyre, fylkesmenn og kommunar. Midlar som vert løyvde til tiltak i verneområde over statsbudsjettet vert fordelt av direktoratet på alle desse aktørane.

Utpå våren får Naustdal-Gjengedal verneområdestyre og dei andre forvaltningsstyresmaktene vite kor mykje midlar dei får til tiltak. Styret må då som regel gjere ei prioritering og fordeling av midlane på dei tiltaka som vart meldt inn i bestillinga.

Tiltaka vert som regel gjennomført av enten grunneigarar, organisasjonar eller gjennom tenestekjøp. For skjøtselstiltak skal grunneigar ha "fortrinnsrett" på å ta ta på seg oppdraget, jamfør naturmangfaldlova. Dersom ikkje grunneigar er interessert eller har kapasitet vert det leigd inn andre til å ta jobben. Når til dømes stiar skal utbetrast, er det ofte turlag som tek på seg den jobben. Til store og kompliserte jobbar vert det som regel leigd inn profesjonell hjelp. I dei tilfella må ein passe på å følgje reglane for offentlege innkjøp.

I enkelte tilfelle vil òg forvaltninga sine eigne personalressursar, naturoppsyn og verneområdeforvaltar, gjere jobben.

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:09.06.2017)