Forvaltningsplan

Framside forvaltningsplan
Framside forvaltningsplan, Foto: Alf Erik Røyrvik

Forvaltningsplan for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde er eit hjelpemiddel for forvaltninga for å få ei konsekvent og rettferdig sakshandsaming. Det skal og vere eit hjelpemiddel for brukarar, grunneigarar og andre som vi ha ein innblikk i forvaltninga.

Forvaltningsplanen vart endeleg godkjent av Miljødirektoratet 30.09.2015. Før den vart godkjent har den mellom anna vore ute på open høyring og den har hatt fleire runder med kvalitetssikring hjå Miljødirektoratet.

Forvaltningsplanen er ikkje juridisk bindande slik som verneforskrifta og anna lovverk er. Forvaltningsplanen skal likevel klargjere retningslinjer for forvaltningspraksis og sikre ei føreseieleg og heilskapeleg forvaltning. I planen vert det gjort greie for regelverket og kva formuleringane her har å seie i praksis for brukarar, grunneigarar og andre.

I forvaltningsplanen er det og mykje god informasjon om kva som fins av verdiar og interesser i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Du finn og informasjon om korleis forvaltninga og sakshandsaminga fungerer.

Planen finn de i lenka nederst på sida her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:21.12.2011 Sist endret:23.05.2019)