Villreinen går ved Vardevatnet

Naturoppsyn og verneområdeforvaltar var på tur for å sjå etter reinsflokken 18.mars

Vi gjekk oppover Jardalen, opp til Lisbetdalen før vi gjekk oss framatt på Dauremålsnibba. Derifrå fekk vi auge på reinsflokken. Den gjekk i hogane aust for Vardevatnet.

Vi fekk til ei ganske brukbar telling på flokken då dei i spreidt flokk kryssa eit stort opent område. Vi talte då 79 dyr, med andre ord det aller meste av reinsstammen i Førdefjella.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:19.03.2015 Sist endret:17.04.2018)