Villrein og kloppar i Gjengedalen

Naturoppsyn og forvaltar var ein tur i Gjengedalen 14.mai. Føremålet med turen var å sjå etter rein, speide etter rovdyrspor og sjå på klopplegginga som vart starta på i fjor. 

Dei første reinane var ikkje vanskeleg å finne. Dei gjekk på Gjengdalsstøylen då vi kom, so dei både observerte og fotograferte vi frå parkeringsplassen.

I fjor starta vi på arbeidet med å få lagt kloppar langs stien som går frå Gjengedalsstøylen/parkeringsplassen og innover langs nordsida av Storevatnet. Denne stien går innover til Byrkjeneset og vidare mot Måsevassdalen og Blådalen. Vi fekk starta på første delen i fjor, og vil halde fram med dette arbeidet i år. Målet er i første omgang å få lagt kloppar på dei våtaste partia og over gjørmehol og bekkar på strekket inn til grensa til landskapsvernområdet.

Naturoppsyn rune Holen er nøgd med arbeidet

Ellers kan vi melde om at det var ein fantastisk dag i fjellet. Vi konkluderte og med at Byrkjeneset er ein av dei nydlegaste plassane i kongeriket!

Utsikt frå Byrkjeneset og mot sør

Alf Erik Røyrvik (Publisert:15.05.2014 Sist endret:12.10.2017)