Verneområdestyret opphevar vedtak

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre opphevar vedtaket dei fatta 4. juni i år, om graving av røyrgate til Stegsvatnet. Årsaka til opphevinga er at Miljødirektoratet meiner det bygger på ein rettsanvendelsesfeil.

Kupekraft søkte tidlegare i år om å få grave røyrgate heilt inn til Stegsvatnet i Jølster, i samband med sine planar om å regulere Stegsvatnet og bruke vatnet til kraftproduksjon. I verneforskrifta for landskapsvernområdet er det opna for å regulere Stegsvatnet innanfor naturleg vasstandsvariasjon og å bruke vatnet i kraftproduksjon, til tross for at mesteparten av vatnet ligg innanfor landskapsvernområdet.

Verneområdestyret vurderte det slik at graving av røyrgate var inkludert i dispensasjonen til regulering. Miljødirektoratet er derimot ikkje einig i den vurderinga, og meiner det vedtaket bygger på ein rettsanvendelsesfeil. Direktoratet har bedt verneområdestyret om å oppheve vedtaket sitt, då det må sjåast på som ugyldig, og å handsame saka på nytt.

Verneområdestyret har derfor oppheva vedtaket sitt. Styret vil ta opp at saka om røyrgate etter fellesferien.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:03.07.2014 Sist endret:08.10.2018)