Trappene i Geitabykset er ferdig

Trappene opp det bratte partiet Geitabykset på ruta til Ryssdalshornet er no ferdig montert, etter nokre år med planlegging og arbeid. No er detbåde lettare og tryggare å passere.

Tilbake i 2016 vart råsa gjennom ura nedanfor Geitabykset utbetra og det vart bygd steintrapper her. Då såg vi på at råsa opp sjølve Geitabykset bar preg av slitasje og erosjon. Synfaring året etter synte at tilstanden på stien var begynt å bli dårleg, og at dersom det ikkje vart sett i verk tiltak ville råsa verte uframkomeleg i løpet av nokre år. Sjølve stien var mange stader ei djup grop med jord og andre lausmassar som vart erodert vekk av slitasje og nedbør.

Råsa i Geitabykset før utbetringa

 

Vi engasjerte ingeniør Jan Berg i Prosjektsystemer for å sjå på høvelege løysingar. Det måtte vere ei løysing som var sikker og holdbar, som sparte vegetasjonen og som var realistisk å få til i sopass bratt terreng. Det måtte dessutan vere innanfor rammene av dei tiltaksmidlane som Naustdal-Gjengedal får frå Miljødirektoratet. Vi enda på ei løysing der vi fekk produsert trapper i stål som vi kunne fly opp og montere. 


Trappene vart tinga frå Sunnfjord Industri i Naustdal, flydd opp i fjellet av Airlift og montert på staden av Bygdeservice her på Sandane. No i haust vart Bygdeservice ferdig med monteringa og tiltaket er ferdig. 

Dei nye trappene i Geitabykset

 

Med dei nye trappene er det lettare og gå og tryggare å gå enn før. Det er lettare å halde seg fast enten i sjølve trappa eller i wiren som går langs fjellveggen. Det har vore eit poeng at trappene skal ligge so nær terrenget som mogeleg, både fordi dei skulle syne att minst mogeleg i terrenget. Og for at det skulle kjennes trygt å gå i trappene. 

Det er likevel nokre ting ein bør vere klar over

  • Ruta til Ryssdalshornet, inkludert passasjen i Geitabykset, er ein krevjande sti som er merka som "svart løype". Geitabykset er framleis ein bratt og litt luftig stad.
  • Trappene er brattare enn vanlege trapper som vi er vande med frå bygg o.l. 
  • Trappene kan vere krevjande å gå i for hundar.
  • Ferdsel er framleis på eige ansvar som elles i naturen, og ein må framleis ferdast varsamt her. Verneområdestyret og forvaltninga tek ansvar for at trappene er i orden, men tek ikkje ansvar for den enkelte sin ferdsel i trappene.
  • Det er lurt å ha hanskar på seg når ein skal halde i wire og trapper, særleg når dete r kaldt.

 

Her er nokre fleire bilete av korleis trappene ser ut

 

Nye trapper i Geitabykset

Nye trapper i Geitabykset

Når ein so kjem opp på toppen av trappene, so kan ein nyte denne flotte utsikten over Sandane og Gloppefjorden!

Utsikt over Sandane

Alf Erik Røyrvik (Publisert:05.11.2019 Sist endret:07.11.2019)