Tilråding frå Miljødirektoratet i klagesaka om oppkøyring av skispor

Miljødirektoratet har no kome med si tilråding, og dei rår Miljøverndepartementet til å ta klagene til følgje og oppheve verneområdet sitt vedtak.

I desember i fjor gav Naustdal-Gjengedal verneområdestyre løyve til å køyre opp skiløype med snøskuter i Vonamarka. Det var Instedalen Skianlegg som hadde søkt om dette.

Vedtaket vart klaga på av Sogn og Fjordane Villreinnemnd, og av grunneigarane Olav R. Fimland og Marius Ness. Saka vart då sendt vidare til dåverande Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet for klagehandsaming.

I føremålet med vernet står det at området skal kunne nyttast til "tradisjonelt friluftsliv utan særleg teknisk tilrettelegging". Miljødirektoratet har tolka uttrykket "særleg teknisk tilrettelegging" strengare enn kva verneområdestyret har gjort, og meiner derfor at det ikkje er heimelsgrunnlag i naturmangfaldlova § 48 til å gje dette løyvet. Miljødirektoratet tilrår derfor at klagene vert teke til følgje og vedtaket skal verte oppheva.

No er det opp til Miljøverndepartementet å fatte endeleg vedtak i saka.

Lenke til tilrådinga frå Miljødirektoratet finn du under her

Alf Erik Røyrvik (Publisert:11.09.2013 Sist endret:08.10.2018)