Styremøte nr 1/15 i Naustdal-Gjengedal verneområdestyre

Tysdag 27.jan hadde Naustdal-Gjengedal verneområdestyre sitt fyrste styremøte for året.

På agendaen stod fleire ulike saker, både byggesaker, motorferdsel og administrative saker:

  • Indre Sunnfjord turlag fekk løyve til å bygge på Longevasshytta.
  • Styret opprettheldt sitt vedtak i saka om oppbygging av fjøs med overnattingsloft i Traudalen. Klagen vert derfor sendt vidare til Miljødirektoratet for klagebehandling.
  • Instedalen Skianlegg fekk løyve til å køyre opp skiløype med snøskuter
  • Hjelpekorpsa i Naustdal og Hyen fekk løyver til kjentmannskøyring
  • Styret vedtok å rullere Fagleg Rådgjevande utval i 2015, og vedtok retningslinjer for korleis dette skal gjerast

 

Protokoll frå møtet finn de her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:30.01.2015 Sist endret:12.10.2017)