Styremøte 3/13 i verneområdestyret

Torsdag 10. oktober hadde Naustdal-Gjengedal verneområdestyre møte på Skei. Der vart det mellom anna tildela tiltaksmidlar.

Øvre Naustdal Utmarkslag fekk 13.000 av tiltaksmidlane til å få på nytt toppdekke på parkeringsplassen ved Steinbakken. Dette arbeidet er påbegynt og skulle finansierast av randsonemidlar, men vart ikkje ferdig i første omgang. I tillegg fekk Bygdeutviklingsstyret i Instedalen 7000 kr til å dekke materialkostnadar i samband med infotavle, skilting og merking av turstiar.

Myklandsstøylsvegen hadde søkt om tiltaksmidlar til førbyggande arbeid på vegen inn til Myklandsstøylen. Styret vurderte dette tiltaket som vedlikehald, og styret har ikkje høve til å bruke statlege invisteringsmidlar til tilskot til vedlikehald. Denne søknaden vart derfor avslegen.
Dalevegen i Årdal hadde og søkt om midlar i samband med reperasjon av vegen etter ras som gjekk i vår. Her ville styret ha meir informasjon før dei fatta vedtak, og utsetje derfor saka.

Inger Gimmestad fekk løyve til å nytte påhengsmotor på Langedalsvatnet i samband med transport til naustet sitt.

Av andre saker kan det nemnast at verneområdeforvaltaren fekk delegert vedtaksmynde av styret i kurante ferdselssaker, etter visse retningsliner. Det betyr at det vert enklare og raskare prosess i hastesaker og i saker som har klar heimel i verneforskrifta.

Protokoll etter styremøtet finn de her. 

Alf Erik Røyrvik (Publisert:22.10.2013 Sist endret:12.10.2017)