Styremøte 1/14 i verneområdestyret

Onsdag 23. april hadde Naustdal-Gjengedal verneområdestyre styremøte på kommunehuset i Naustdal. Det var ganske mange tunge saker denne gongen, og i tillegg vart bestillingsdialogmidlane fordelt.

Det var kome inn fleire søknader, både på motorferdse, bygningar og vegbygging.

  • Rygg og Grov sameige har fått løyve til å bygge ein enkel traktorveg inn til Berdalselva i Traudalen
  • Gimmestad/Moen sameige har fått løyve til å å bruke elektrisk påhengdmotor på Langedalsvatnet til transport til hytter med meir
  • Marius Ness i Naustdal har fått løyve til å bygge uthus på stølen sin Nesrimma
  • Arnestad grunneigarlag har fått løyve til å bygge ny utedo på Arnestadstøylen

 

I tillegg fordelte styret 520.000 kr som er tildelt gjennom bestillingsdialogen på ulike tiltak. Styret vedtok og to høyringsinnspel i kraftsaker.

Protokollen kan de finne her

Alf Erik Røyrvik (Publisert:02.05.2014 Sist endret:12.10.2017)