Søknad om dispensasjon til inngrep i samband med Kupekraft kraftverk

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre har handsama søknad om inngrep i terrenget i samband med Kupekraft kraftverk i Årdalen på Jølster.

Kupekraft har konsesjonssøknad til handsaming hjå Norges vassgdrags- og energidirektorat (NVE). Dei ynskjer å nytte fallet frå Stegsvatnet og ned til Legestølen til kraftproduksjon. Stegsvatnet ligg inne i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde, men det er likevel opna for regulering av Stegsvatnet i verneforskrifta so lenge reguleringa er innanfor det som er naturleg vasstandsvariasjon i vatnet.

Kupekraft har to alternativ i søknaden, derav den eine har inntak direkte frå vatnet. For å få det til, har dei søkt om å få grave grøft til røyr fram til vatnet. Dette vil medføre graving inne i landskapsvernområdet, men Kupekraft opplyser om at dei vil legge grøfta igjen etterpå og revegetere, slik at dei synlege effektane skal verte minimale. Kupekraft meinar og at dette totalt sett vert ei løysing med mindre synlege inngrep, i og med at ein slepp inntaksdam med dette alternativet.

Verneområdestyret har vurdert søknaden, og kjem til at dette inntaksarrangementet vil komme inn under den dispensasjonen til regulering av vatnet som allereie ligg i verneforskrifta, og at dei derfor ikkje treng særskilt løyve frå verneområdestyret for dette tiltaket.

Styret si handsaming kan de lese om i protokollen frå styremøte 2/14

NB: Kraftprosjektet må sjølvsagt ha konsesjon frå NVE før det kan realiserast.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:06.06.2014 Sist endret:12.10.2017)