Snøskuterløyve til Søreide og Ryssdal beitelag

Søreide og Ryssdal beitelag har fått løyve til å transportere saltsteinar ut i beiteområda med snøskuter.

Løyvet gjeld transport av saltstein i samband med sau på beite, og skal køyrast til inste Jardalen og til området rundt Vardevatnet, aust for Jardalen. Det følger ein del vilkår med løyvet, mellom anna er det nokre vilkår for å unngå at villrein i området vert unødig uroa. Dette er vinterbeiteområde for villrein, og no på seinvinteren fram mot kalving er villrein sårbare med omsyn til uro.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:10.03.2014 Sist endret:12.10.2017)