Skjøtsel i Vonamarkja

No i haust har det blitt hogd ut to felt med ungskog av gran i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Gran er ikkje naturleg heimehøyrande i verneområdet og derfor uønska.

Det blir sett inn store ressursar på å fjerne gran frå verneområda her på Vestlandet. Den planta grana sprer seg, konkurrerer ut den naturlege vegetasjonen og kan på sikt true verneverdiane i dei ulike verneområda og naturreservata. Derfor vert det satsa på å fjerne både vanleg gran og særleg sitkagran frå dei verna områda.

Dei siste par vekene har det blitt hogd to felt med planta ungskog av gran i Vonamarkja. Det eine feltet (biletet over her) ligg i Storelia, litt innanfor Nesstølen på nordsida av Nausta. Det andre (biletet under) ligg lenge vest, i Botnalia. All hogst har skjedd etter avtale med grunneigar. 

Det står framleis mykje gran igjen i Vonaområdet, både innanfor og utanfor landskapsvernområdet. Målet er å få tatt vekk alt som står innanfor grensa, og helst avgrense fræspreiinga frå granskog utanfor grensa so mykje som mogeleg. Den vaksne skogen håpar vi på å få tatt ut ved hjelp av vanleg hogst på snøføre, slik at tømmeret kan kome til nytte.

Det eine feltet (det store biletet) ligg rett ved stien som går innover mot Longevasshytta. Her får vi ein ryddejobb slik at ikkje hogstavfallet blir sjenerande. Denne jobben satsar vi på å ta til våren igjen når det har fått tørka litt og baret har sleppt.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:07.10.2013 Sist endret:08.10.2018)