Sikringstiltak på stien til Ryssdalshorn

Det er no gjort litt sikringstiltak på brattaste partiet på stien opp mot Ryssdalshorn. Her er det no festa nokre lengder med wire som man kan halde seg i opp denne kneika.

Stien opp til Ryssdalshorn er mykje i bruk, og eit av dei mest populære turmåla i nærområdet til Sandane. Frå varden på 1160 meter over havet (eller 1201 moh som det er på høgaste punktet) er det ein fantastisk utsikt over Sandane sentrum og Gloppefjorden.

På vegen opp er det ei bratt kneik der man nærmast på klatre litt. Nokre kallar den "Geitabykset", andre kallar den for "Trippe". Her har det til no vore knytt opp eit tau, men det har sett betre dagar. No har vi altso fått montert opp wire som er festa i fjellet, som ein kan halde seg i. Dette er eit tiltak som mellom anna reiselivet har ytra ynskje om, sidan dei marknadsfører turen opp til Ryssdalshorn. No vonar vi at alle som skal gå opp her føler seg trygge og kjem seg greit opp.

Takk til Bygdeservice for godt utført arbeid!

Bygdeservice jobbar med montering av wire i fjell

Oppsatt wire på stien til Ryssdalshorn

Alf Erik Røyrvik (Publisert:24.10.2013 Sist endret:17.04.2018)