Opning av fiskeplass og parkeringsplass i Instedalen

Sundag 30. sept var det opning av ny fiskeplass ved Svovatnet i Instedalen, og parkeringsplass ved Vonavatnet. I tillegg er brygga og båtutstjingsplassen ved Vonavatnet utbetra. Om lag 70 personar møtte opp og var til stades då ordførar Håkon Myrvang stod for den formelle opninga av fiskeplassen.

Fiskeplassen er utforma etter retningslinjene for universell utforming, slik at rullestolbrukarar og andre med funksjonsnedsetjing kan bruke fiskeplassen. Her er det og parkeringsplass og "støe" der utleigebåten til utmarkslaget ligg. Arbeidet med plassen er finansiert ved hjelp av offentlege friluftsmidlar, randsonemidlar som er tildelt i samband med opprettinga av landskapsvernområdet og eigeninnsats frå Øvre Naustdal Utmarkslag. Grunnarbeidet på fiskeplassen er utført av Olav Svoen.

Den formelle opninga av plassen var ved ordførar i Naustdal og styreleiar i verneområdestyret, Håkon Myrvang. På bildet under ser vi og leiar i Øvre Naustdal Utmarkslag, Normund Svoen. Utmarkslaget, med Normund i spissen, har vore initiativtakarar og har stått for planlegging og gjennomføring av tiltaka.

Opning ved ordførar Håkon Svoen (t.v). Leiar i Øvre Naustdal Utmarkslag, Normund Svoen, til høgre.

Fiskeplassen har fått namnet Svobrua FriluftsområdeSvobrua friluftsområde

Under opninga vart det servert nyfiska og varmrøykt aure frå Svovatnet, kaffi og kaker. Maten smatke nydeleg! I tillegg var kajakklubben i Florø på plass med kajakkar som dei frammøtte kunne prøve.

Før opninga av fiskeplassen ved Svovatnet, vart den nye parkeringsplassen ved Vonavatnet opna og presentert. Her er gamle parkeringsplassen utvida og forbetra. I tillegg er brygga nede ved vatnet og "rampen" der ein kan køyre båtar ut i vatnet forbetra slik at den er meir brukarvenleg. Arbeidet her er utført av Arne Bjarte Savland i Røyseth Maskin.

Opning av nye parkeringsplassen ved Vonavatnet

Brygge og utkøyringsplass for båtar ved Vonavatnet

 

Alf Erik Røyrvik (Publisert:30.09.2012 Sist endret:09.01.2013)