Nytt verneområdestyre er konstituert

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre for perioden 2016-2019 hadde sitt første styremøte 11. mars på Skei. Det nye styret vart konstituert og Håkon Myrvang held fram som styreleiar.

Myrvang var styreleiar i den førre perioden og. Ny nestleiar i verneområdestyret er Oddmund Klakegg, som og har sat i styret førre periode.

Styret hadde oppe ein del andre saker og i møtet. Det vart gjeve løyve til å heve taket på eit naust ved Vardevatnet i Gloppen, og det vart gjeve nokre fleirårige løyver til motorferdsel.

Styret har fått tildelt 550.000 kr frå Miljødirektoratet i tiltaksmidlar. Styret vedtok ei prioriteringsliste for korleis desse midlane skal brukast. Sjå i protokollen som ligg nednanfor her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:21.03.2016 Sist endret:08.10.2018)