Nye informasjonsskilt om Naustdal-Gjengedal

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre har fått laga nye informasjonsskilt, og no er dei første skilta satt opp i Sandane Sentrum.

Utforminga av skilta er i tråd med den nye standarden til Noregs Nasjonalparkar som Miljødirektoratet har utarbeida saman med arkitektkontoret Snøhetta. Alt informasjonsmateriell til nasjonalparkar og stire verneområde skal no produserast etter denne standarden. Sjølve skiltplatene er produsert i cortenstål. Det er ei spesiell legering kor stålet raskt får eit rustfarga belegg, men som deretter er veldig holdbart. Cortenstål er derfor mykje brukt til fasader, kunstverk og i landskapsarkitektur.

 Der er sett opp to skilt. Skiltet til høgre er eit portalskilt der namn og logo til landskapsvernområdet er felt inn med rustfrie bokstavar. På dette skiltet er det rustfarga belegget på plass og det har fått den fargen det skal ha. Gjennom ramma i portalskiltet kan man sjå bort på Morafta og dei andre Sørstrandsfjella inne i Naustdal-Gjengedal LVO.

 Det andre skiltet er eit informasjonsskilt med plakat. På plakaten er det kart over verneområdet der merka stiar, innfallsportar og parkeringsplassar er markert. I tillegg er her litt kortfatta om verneområdet og bruken av det. Her har ikkje sjølve stålplata kome so langt i oksideringsprosessen, men om ei tid vil denne ha same belegget og fargen som portalskiltet.

Kartplakat over Naustdal-Gjengedal LVO

Med plasseringa midt i Sandane Sentrum når vi eit anna publikum enn vi har nådd før. No kan vi presentere verneområda for dei som ikkje oppsøkjer dei til vanleg. På den måten vil fleire bli merksame på at vi har eit vakkert område lett tilgjengeleg som dei kan besøke. 

Alf Erik Røyrvik (Publisert:02.06.2020)