Ny styremedlem i Naustdal-Gjengedal verneområdestyre

Trude Brosvik er nytt styremedlem i Naustdal-Gjengedal verneområdestyre, som representant for Vestland fylkeskommune.

Opphaveleg vart Gunhild Berge Stang vald som representant for Vestland fylkeskommune. Gunhild måtte trekke seg frå styret då ho vart tilsett som statssekretær i Kulturdepartementet. Fylkeskommunen måtte då velge ny representant til styret.

Fylkestinget handsama saka på Fylkestinget 10. juni. Då vart Trude Brosvik vald som ny representant. 

Trude Brosvik representerer KrF på Fylkesktinget, og er ein erfaren politikar både frå kommunalt og fylkeskommunalt nivå. 

Alf Erik Røyrvik (Publisert:23.06.2020 Sist endret:17.07.2020)