Ny parkeringsplass i Ryssdalen

Det har no blitt bygd ny parkeringsplass i Ryssdal. Her kan turfolk som skal til Ryssdalsstøylen og Ryssdalshorn parkere bilane sine, utan at dei er i vegen for grunneigarane og deira verksemd.

Ryssdalshorn og Ryssdalsstøylen er populære turmål, og ferdsla til desse turmåla har auka siste åra. God skilting og merking, mellom anna gjennom merkeprosjekt i regi av Gloppen kommune har nok bidrege til det. Verneområdeforvaltninga ser særs positivt på at folk vil bruke landskapsvernområdet og innfallsportane til verneområdet.

Dessverre har denne auka ferdselen ført til at det på dei fnaste dagane ikkje har vore nok parkeringskapasitet på velteplassen ved kraftverket i Ryssdalen, der det er vanleg å parkere. Det har heller ikkje vore nokon skikkeleg avgrensa og tillaga parkeringsplass her. Det har enkelte dagar skapt problemer for grunneigaren, som brukar denne velteplassen til vedproduksjon. Enkelte dagar har det vore umuleg å arbeide med ved på plassen, grunna mange bilar.

Verneområdestyret har derfor sett av tiltaksmidlar til parkeringsplass her, og etter ein at oppdraget vart lyst ut på anbod fekk Bygdeservice AS oppdraget. Det er no ferdig og resultatet vart veldig bra. Parkeringsplassen har plass til opptil 8 bilar, og her er informasjonstavle og eit lite rastebord i stein.

Infoskilt og bord i Ryssdalen

Verneområdeforvaltar og naturoppsyn vil rette ei stor takk til grunneigarane i Ryssdal for ein god dialog og eit godt samarbeid, og ikkje minst ei stor takk til Bygdeservice for godt utført arbeid!

Alf Erik Røyrvik (Publisert:27.06.2014 Sist endret:12.10.2017)