No kan du søkje om motorferdsel i landskapsvernområdet på nett

No kan du sende inn motorferdselsøknader elektronisk via eit nettbasert søknadsskjema.

Skjemaet er enkelt oppbygd og vil gjere det lettare for søkjarar å sette opp og sende inn søknadar om motorferdsel. I tillegg vil dette skjemaet sikre at forvaltningsstyresmakta får inn dei opplysningane som trengs for å handsame søknaden.

Gjennom skjemaet vert søknaden og automatisk journalført og lagt inn i arkivet til verneområdestyret.

Det er Fylkesmannen i Sogn og fjordane sin IKT-seksjon som har utvikla skjemaet. Naustdal-Gjengedal er fyrste verneområde ut med dette skjemaet, men det er godt mogeleg at resten av landet fylgjer etter.

Her er lenke til skjemaet:
Elektronisk søknadsskjema motorferdsel

Alf Erik Røyrvik (Publisert:07.07.2015 Sist endret:12.10.2017)