Naturskade i verneområdet

Nok ein gang har det vore ekstremver som lokalt har ført til naturskader ein del stader på Vestlandet. Prognosane tyder på at det er noko vi må forvente meir av i framtida. Ein del av skadene skjer inne i verna områder. Kva kan ein gjere med det?

Skader på eigedom eller på infrastruktur skal meldast inn til forsikringsselskap (dersom det er forsikra) eller naturskadefondet (bruer, vegar, infrastruktur som ikkje er forsikra). Pass på å sikre rikeleg med dokumentasjon på skadene.

Kommunen har som regel ei kordinerande rolle gjeldande naturskade og opprydding eller tiltak i etterkant. Dei vil og kunne hjelpe den enkelte grunneigar med informasjon om den vidare prosessen.

Informasjon om naturskadefondet finn du her:
https://www.landbruksdirektoratet.no/naturskadeordningen/

Ver merksam på at fristen for å søke om erstatning er tre månader etter skadetidspunktet. 

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har eit overordna ansvar for å sikre liv, helse, viktig infrastruktur og ein del bygningar. Enkel infrastruktur i utmark, stølar, hytter, gjerder og liknande ligg ikkje under dette ansvaret. Men, NVE vil ofte vere ein nyttig samarbeidspart og vil kunne bidra med sin kompetanse.

Verneforskrifta for Naustdal-Gjengedal LVO legg nokre føringar for kva ein kan og ikkje kan gjere av tiltak og inngrep, og kva ein eventuelt må søkje om og få løyve til. Desse vil og gjelde i samband med naturskade. Det kan derfor vere på sin plass å informere om kva ein må søke om og ikkje i slike situasjonar.

Kva treng ein ikkje søke om:

  • Vedlikehold
  • Naudsynte tiltak før, under og etter ein skadesituasjon, som kan hindre eller redusere skade på bygningar, bruer, vegar, stiar og liknande (innan rimelege grenser).
  • Reperasjonar etter skade der ein set bygningar eller infrastruktur tilbake til den stand dei var før skaden.
  • Litt forenkla kan ein seie at det det som ein gjer med "handemakt" og handreidskap som regel ikkje er søknadspliktig.

 

Kva må ein søke om:

  • Motorferdsel
  • Oppgradering, der det ein bygger opp att etter skade er vesentleg større eller endra på anna vis.
  • Nye bygningar og installasjonar
  • Graving og andre større inngrep i vassdrag eller terreng. Skal ein gjere inngrep i vassdrag må ein dessutan ha løyve frå NVE i tillegg.

  

Alf Erik Røyrvik (Publisert:15.08.2019)