Motorferdselløyve i samband med sauesankinga
Mardal og Fitje Sankelag får løyve til å nytte båt med motor på Langedalsvatnet, i samband med sauesankinga no i haust.
Arbeidsutvalet for landskapsvernområdet har gjeve Mardal og Fitje Sankelag dispensasjon frå forbodet mot motorferdsel, slik at dei kan få nytte båt med motor på i samband med sankinga. Løyvet gjeld eit avgrensa antal turar, tur/retur Fitjestøylen.
I neste styremøte vil styret for landskapsvernområdet ta opp att saka, og vurdere om løyvet skal utvidast til å vere eit fleirårig løyve.
Alf Erik Røyrvik (Publisert:12.09.2012 Sist endret:09.01.2013)