Miljødirektoratet har oppnemnt nytt styre.

Det nye Naustdal-Gjengedal verneområdestyre har blitt oppnemnd av Miljødirektoratet. Nokre er med vidare frå det førre styret, men vi får og nokre nye fjes i verneområdestyret denne perioden.

Oddmund Klakegg, Iris Loftheim og Håkon Myrvang sat i styret i førre perioden, og desse tre vert med vidare i denne perioden og. Dei representerer kommunane Jølster, Førde og Naustdal. Dei nye som kjem inn i styret er Leidulf Rygg Bogstad frå Gloppen og Gunhild Berge Stang frå Fylkestinget.

Verneområdetyret skal no snarast ha eit møte der dei konstituerer seg og vel leiar og nestleiar.

Oppenemningsbrev finn du nedanfor her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:12.02.2016 Sist endret:17.04.2018)