Løyve til utviding av hytte i Langedalen

I styremøte nr 7/12 gav verneområdestyret Kjell Arnestad løyve til å bygge på hytta si i Langedalen. Arnestad har søkt om å få bygge på eit tilbygg på den eksisterande hytta, for å få betre plass og betre romløysing i hytta.

Denne saka har gått fram og tilbake i forvaltninga over fleire år. Det har vore ei prinsippiell og komplisert sak av fleire årsaker. Verneområdet er ganske nytt og denne saka har delvis pågått samstundes som verneprosess og i "oppstarten" av verneområdeforvaltninga. Verneforskrifta for landskapsvernområdet og gjeldande forvaltningspraksis seier at all slik byggeaktivitet skal vere i tråd med tradisjonell byggeskikk. I enkelte tilfelle kan det derimot vere vanskeleg å definere kva som er tradisjonell byggeskikk.

I vår hadde vi ei stor synfaring i Langedalen der vi såg på fleire aktuelle saker, og mellom anna denne hytta. Med oss på synfaringa hadde vi fylkeskommunen si kulturavdeling. Det er dei som er fag-etat på dette med byggeskikk og utforming av bygningar. Den søknaden som no har fått aksept av verneområdeforvaltninga bygger på ei løysing som kulturavdelinga føreslo. 

Det er no søkt om å bygge på eit tilbygg som ein eigen bygningskropp, som heng i hop med den eksisterande bygningskroppen. På den måten kan man få utvida hytta, samstundes som man unngår ei stor og pragnande bygning. Mønevinkel, byggestil og proposjonar skal vere lik med den hytta som står der i dag.

Saksutgreiing og vedtak kan ein lese i protokollen etter styremøte 7/12. Den finn de her.

PS: I tråd med forvaltningslova, so er det 3 vekers klagefrist på dette vedtaket. 

Hytta til Kjell Arnestad i Langedalen

Alf Erik Røyrvik (Publisert:14.12.2012 Sist endret:09.01.2013)