Løyve til organisert bruk av hest

Stall Rygg i Gloppen har fått løyve til organisert bruk av hest i Traudalen.

Eigarane av Stall Rygg på Rygg i Gloppen har turriding i utmark som ein viktig del av verksemda si. Dei har derfor søkt om og fått løyve til å gjennomføre organiserte rideturar på enkelte stiar i Traudalen.

Det er ikkje forbod mot å bruke hest inne i landskapsvernområdet. Men i følgje verneforskrifta so må organisert bruk av hest ha godkjenning frå forvaltningsstyresmakta. Dette for å ha litt kontroll og oversikt over omfanget av denne typen aktivitet, og for å kunne ta omsyn til verneverdiar og sårbar natur.

Løyver er gjeve som eit delegert vedtak frå verneområdeforvaltar og det gjeld i første omgang for 2014. Styret vil seinare vurdere å utvide løyvet til å gjelde fleire år. 

Alf Erik Røyrvik (Publisert:30.04.2014 Sist endret:08.10.2018)