Løyve til landing med helikopter i landskapsvernområdet

Per Kandal i Kandalen har fått løyve til å lande med helikopter ved sankehytta i Blådalen i Kandalsfjella.

Førmålet med helikopterflyginga er å frakte ved og andre forsyningar opp til sankehytta. Dette kan forvaltninga gje dispensasjon til med heimel i verneforskrifta, og Arbeidsutvalet for verneområdet gav denne dispensasjonen i telefonmøte måndag 24.9.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:28.09.2012 Sist endret:09.01.2013)