Hogst av gran i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre har midlar til fjerning av gran i verneområdet. Styret vil gjerne ha hjelp av grunneigarar og andre som kan ta på seg å hogge ned mindre førekomstar av gran i og rundt verneområda. 

Mange stader står det enkelte tre og mindre førekomstar av gran i verneområdet og i randsona rett utanfor verneområdet. Det er både enkelte tre som har frødd seg sjølv, små klynger og enkelte leplantingar og små plantefelt ved støylar og liknande. Der er og fleire store plantefelt som går inn i verneområdet, men dei uttaka er større jobbar som krev planlegging. Verneområdeforvaltninga har som langsiktig mål å få vekk all gran frå verneområdet.

Verneområdeforvaltninga ynskjer hjelp av lokale krefter til å få tatt ut ein del mindre førekomstar. I praksis vil det seie at grunneigar eller andre lokale får betalt av forvaltninga for å hogge gran som står inne i verneområdet. Dette må sjølvsagt berre skje etter godkjenning frå grunneigaren der kor grana eller granene står. Grunneigar disponerer dessutan virket etter at det er felt og kan gjere som dei vil med det. I tillegg er der nokre andre vilkår som er lista opp under her.

 Dersom nokon ønskjer større prosjekt med uttak av større felt, ta kontakt med verneområdeforvaltninga.

Sjå vilkår for arbeidet i vedlagt notat.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:12.06.2020 Sist endret:17.07.2020)