Bygdemøter i samband med høyring av framlegg til forvaltningsplan

I samband med høyring av framlegget til forvaltningsplan for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde, skal vi arrangere 3 bygdemøter. Her kan du finne meir informasjon om desse.

Tid og stad for bygdemøta:

Skei

23.sept

Kl 19.30

Skei Hotell

Hyen

25.sept

Kl 20.00

Samfunnshuset

Naustdal

30.sept

Kl 19.30

Kommunestyresalen

Verneområdeforvaltaren legg opp til å ta ein «kontordag» på møtestaden på dagtid før bygdemøta. Dei som vil kan oppsøke meg der, eller gjere ein avtale. Då er det høve til å kome med innspel, stille spørsmål, diskutere saker eller diskutere forvaltningsplanen på tomannshand. Dette er og eit tilbod til dei som ikkje har tid til å kome på møtet om kvelden.

Dessverre får eg ikkje høve til å ta ein slik «kontordag» på Skei, grunna ei viktig synfaring. Men eg vil vere på Skei Hotell i god tid før møtet kl 19.30 om nokon vil treffe meg før møtet.

Agenda for møta:

  1. Opning og velkommen
  2. Kort presentasjon av forvaltningsplanen og høyringsprosessen
  3. Høve til å stille spørsmål til planframlegget og høyringsprosessen
  4. Høve til å kome med innspel til forvaltningsplanen

Alle som vil har høve til å møte. Fint om de hjelper meg å spreie denne informasjonen!

Det vert enkel servering på møta, med kaffi og noko enkelt å bite i.

Her er lenkje til forvaltningsplanen og sida om høyringa.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:19.09.2014 Sist endret:12.10.2017)