Arbeidet med buføringsvegen i Traudalen er i gang igjen

Då er arbeidet med buføringsvegen i Traudalen i gang igjen. I sommar skal vi gjere oss ferdig med den steinete og vanskelege strekninga inn til Røyrvika.

I fjor vart det opparbeida om lag 385 m av buføringsvegen. Resultatet vart veldig bra, men det stod framleis att vel 100 m av den steinete og vanskelege råsa der storfe hadde problem med å ta seg forbi. Det vart derfor sett av tiltaksmidlar frå bestillingsdialogen i år og, slik at dette partiet kunne gjerast ferdig.

Målsetninga med dette arbeidet er først og fremst å sikre at beiting med storfe i Traudalen kan halde fram slik det har vore i mange generasjonar. Beitedyr av ulike slag er det viktigaste og mest effektive middelet vi har for å halde kulturlandskapet i hevd. Og vidare å halde oppe tradisjonar og kulturverdiar med utmarksbeiting og støylsliv.
Det at stølsråsa gjennom dette arbeidet vert mykje betre å bruke for turfolk er sjølvsagt og ein positiv og kjærkommen verknad av tiltaket.

Gammal stølsrås

Slik ser den gamle stølsråsa ut. Som de ser er det mykje grov stein som ligg "hulter til bulter" og dette er vanskeleg terreng å ta seg fram i for storfe. Det partiet vi ser på biletet er den siste strekninga inn til Røyrvika som skal utbetrast.

Buføringsveg under bygging

Under bygginga ber vegen og området litt preg av å vere eit "anleggsområde". Det ser ikkje so pent ut akkurat under bygginga, men dette er midlertidig. Når arbeidet er ferdigstilt vert det sjåande ryddig og pent ut, nedanfor kan de sjå bilete av korleis det såg ut etter at første strekninga var utbetra i fjor.

Buføringsveg etter avslutning i 2014

Alf Erik Røyrvik (Publisert:15.06.2015 Sist endret:17.04.2018)