Anbodskonkurranse - Oppdrag i landskapsvernområdet

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre inviterer til anbodskonkurranse. Buføringsvegen i Traudalen skal gjerast ferdig, og dette oppdraget vert no lagt ut på opent anbod.

Buføringsvegen vart byrja på i fjor, og den vart utbetra over ei strekning på om lag 385m. Det er framleis om lag 150 m som står att, og det skal gjerast ferdig i år.

Verneområdestyret legg dette oppdraget ut på anbod, og ber aktuelle tilbydarar om å legge inn tilbod på dette arbeidet. Sjå vedlagt konkurransegrunnlag.

Det vert obligatorisk synfaring 13.mai kl 12.00. Frist for innlevering av tilbod er 20. mai kl 15.00

Alf Erik Røyrvik (Publisert:30.04.2015 Sist endret:17.04.2018)