Nordheimsdalen naturreservat

I Nordheimsdalen står endå i dag ein del bygningar frå stølsdrifta.
I Nordheimsdalen står endå i dag ein del bygningar frå stølsdrifta. , Foto: Harald Skjerdal

 

Føremålet med Nordheimsdalen naturreservat: Vern av skogområde med alt som det inneheld av plante- og dyreliv. Dermed skoggradienten frå fjøre til fjell med det stort mangfald av ulike furuskogstypar som til dels har urskogpreg, truleg det sterkaste på Vestlandet.  

Kvar: Aurland og Lærdal kommune i Sogn og Fjordane fylke
Oppretta: 17. desember 1999
Areal: om lag 13 km2

Gjeldande plandokument:
Verneforskrift for Nordheimsdalen naturreservat
Forvaltingsplan – Vestnorsk fjordlandskap

 

 


 

 

Naturmiljø: Dalen er ein hengjedal som vart forma av isen og har rikt biologisk mangfald, der den velutvikla og gamle furuskogen er særskild og er difor verna.    

Kulturminne og kulturlandskap: Skogen har vore nytta frå gamalt tid til byggjeføremål i kommunen.  Etter den historiske tømmerdrifta  finns framleis ei rekkje spor t.d. vegar opp frå kaien ved fjorden mot fjellet, bygningar på Brendeli  og installasjonar som utgjer eit heilskapleg kulturlandskapsmiljø. Området har og vore brukt til beiting og stølsdrift på Øygarden og Nordheimsdalen.  

 

Du er gjest i landskapet:

  • Gå kvar du vil, på beina eller på ski.
  • Hovudregelen for bruk av motor er at all motorferdsel i utmark er forbode
  • Rast der du vil, og overnatt gjerne i telt. Rydd opp etter deg, og ta med bosset heim.
  • Du kan tenne bål, men hugs det generelle forbodet mot å brenne bål i skogsmark mellom 15. april og 15. september. Vis hensyn når du sankar ved, og me oppfordrar om at du nyttar tilrettelagte bålplassar.
  • Du kan plukke bær, matsopp og vanlege planter til eige bruk. Ta hensyn til kulturminne, vegetasjon og dyreliv. Ta ekstra hensyn i hekke- og yngletida.
  • Nytt  deg av høvet til jakt på hjortevilt og rype, og fiske. Hugs jakt-/fiskekort. Ikkje bruk levande fisk som agn. Du må heller ikkje ta med deg levande fisk frå eitt vassdrag til eitt anna.
  • Du kan ta med deg hund, men hugs bandtvang i perioden 1. april til 20. august.
(Publisert:13.12.2012 Sist endret:10.04.2013)