Grånosmyrane naturreservat

Det er lite anna enn tursti av menneskelege tiltak gjennom Grånosmyrane, der er det fuglar og fauna som har prioritet.
Det er lite anna enn tursti av menneskelege tiltak gjennom Grånosmyrane, der er det fuglar og fauna som har prioritet., Foto: Allan Hey

 

Føremålet med Grånosmyrane naturreservat: Området er freda på grunn av rikt og sårbart fugleliv i eit fjell- og våtmarksområde.   

Kvar: Aurland kommune i Sogn og Fjordane fylke og Voss kommune i Hordaland fylke
Oppretta:15. desember 1995
Areal: omlag 3,4 km2

Gjeldande plandokument:
Verneforskrift for Grånosmyrane naturreservat
Forvaltingsplan – Vestnorsk fjordlandskap

 


 

Naturmiljø: Området er prega av Vassetelvi som vidar seg ut og er omringa av myrflate og småvatn.  Eit så stort våtmarksområde er ganske uvanleg i vestnorske fjellområde.  I  gras, lynghei, starrmyr, vier, grunne basseng og elvar trives og hekkar tette bestandar av både vadefugl og sporvefugl. Der kan nemnast snø- og lappsporv, fjøreplytt, boltitt, heilo og fjellrype. 


(Publisert:13.12.2012 Sist endret:11.01.2013)