Bleia - Storebotnen landskapsvernområde

Bleia-Storebotnen landskapsvernområde er ein del av leveområdet for villreinen i Nordfjella villreinområde.
Bleia-Storebotnen landskapsvernområde er ein del av leveområdet for villreinen i Nordfjella villreinområde., Foto: Kristoffer U. Hansen

Føremålet med Bleia–Storebotnen landskapsvernområde: Å ta vare på natur- og kulturlandskap frå fjord til fjell.  Ein vesentleg del av landskapet sin karakter er det gamle slettelandet og fjordlandskapet med ein variert vegetasjon og ein fauna med villrein, der  bre-isen har vore aktiv formgjevar. 

Kvar: Aurland og Lærdal kommunar, Sogn og Fjordane
Oppretta: 10. november 2004
Areal: om lag 66km2, av dette om lag 5km2vassflate

Gjeldande plandokument:
Verneforskrift for Bleia-Storebotnen landskapsvernområde
Forvaltingsplan – Vestnorsk fjordlandskap


 

Kulturminne og kulturlandskap: Det fins ein stor del av kulturminne i området, helst i samband med jakt, fangst og fangstanlegg, og stølsdrift.  Stølen i Nordheimsdalen ligg i utkanten av landskapsvernområdet og mange dyregraver er registerte.  Området er i dag brukt til utmarksbeite for sau, i tillegg til jakt, fiske og friluftsliv.

Naturmiljø: Kvartærgeologi, botanikk og fauna er dei største verdiane i natur og kulturlandskapet innan for landskapsvernområdet. Anortosittrik bergrunn pregar området, men kalkhaldig og fylittisk grunn, som er botanisk rikare, finns og.  Den urskogsprega furuskogen i Nordheimsdalen går over i  Bleiaområdet og verdifull lauvskog ned mot fjorden.

 


Du er gjest i landskapet:

  • Gå kvar du vil, på beina eller på ski.
  • Hovudregelen for bruk av motor er at all motorferdsel i utmark er forbode.
  • Rast der du vil, og overnatt gjerne i telt. Rydd opp etter deg, og ta med bosset heim.
  • Du kan tenne bål, men hugs det generelle forbodet mot å brenne bål i skogsmark mellom 15. april og 15. september. Vis hensyn når du sankar ved. Me oppfordrar om å bruka tilrettelagte bålplassar
  • Du kan plukke bær, matsopp og vanlege planter til eige bruk. Ta hensyn til kulturminne, vegetasjon og dyreliv. Ta ekstra hensyn i hekke- og yngletida.
  • Nytt  deg av høvet til jakt og fiske. Hugs jakt-/fiskekort. Ikkje bruk levande fisk som agn. Du må heller ikkje ta med deg levande fisk frå eitt vassdrag til eitt anna.
  • Du kan ta med deg hund, men hugs bandtvang i perioden 1. april til 20. august.
(Publisert:13.12.2012 Sist endret:12.04.2013)