Har du innspel til besøksstrategien?

Har du innspel til korleis vi kan legge til rette for gode besøk, friluftsliv og lokal verdiskaping utan å øydelegge natur- og kulturverdiane i verneområda i Nærøyfjordområdet? Då vil vi gjerne høyre frå deg før 11. november. 

Nærøyfjorden verneområdestyre har utarbeida ein besøksstrategi som no er ute på høyring. Målet med planen er å oppnå ein god balanse mellom å ta vare på verneverdiane, gje gode opplevingar for besøkjande og legge til rette for lokal verdiskaping. I planen blir det mellom anna sett på kva delar av verneområda som kan leggast til rette for auka aktivitet, og korleis vi kan styre ferdsel utanom dei mest sårbare områda.

Det er også viktig med eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag når det kjem til eksisterande bruk og besøk i områda. Tradisjonell landbruksdrift er viktig og avgjerande for å ta vare på det gamle jordbrukskulturlandskapet.

Sit du på kunnskap som burde vore med i besøksstrategien? Har du innspel til område, stiar og turmål som burde bli betre tilrettelagt for ferdsel, eller område der ein bør unngå ny tilrettelegging? Då håpar vi du tek deg tid til å sjå gjennom dokumentet og komme med endringsforslag.

Besøksstrategien omfattar Nærøyfjorden landskapsvernområde, Bleia-Storebotnen landskapsvernområde, Bleia naturreservat, Grånosmyrane naturreservat og Nordheimsdalen naturreservat. Desse områda utgjer også ein stor del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden.

Utkast til besøksstrategi

 Brev om besøksstrategien med styrevedtak

Innspel sendast til Nærøyfjorden verneområdestyre på e-post: fmvlpost@fylkesmannen.no

Fristen for å komme med innspel er 11. november 2019.


For spørsmål til besøksstrategien ta kontakt med verneområdeforvaltarane:

Anbjørg Nornes          fmsfano@fylkesmannen.no              57 64 31 29

Jorunn Vallestad        joval@fylkesmannen.no                    57 64 31 34

(Publisert:27.09.2019 Sist endret:22.10.2019)