Utladalen landskapsvernområde

Utladalen naturhus er etablert på Skåri ved inngangen til Utladalen landskapsvernområde.
Utladalen naturhus er etablert på Skåri ved inngangen til Utladalen landskapsvernområde., Foto: Rigmor Solem - SNO



Utladalen landskapsvernområde vart oppretta 05. desember 1980 saman med Jotunheimen nasjonalpark. Verneområdet dekkjer eit areal på ca. 300 km2. Landskapsvernområdet ligg på vestsida av Jotunheimen nasjonalpark, i kommunane Årdal og Luster. Verneforskrifta vart revidert 14.11.14.

Frå om lag vasskilje på Sognefjellet, strekkjer verneområde seg ned Vetle- og Storutladalen langs Utla til Hjelle. Sidedalane Skogadalen, Uradalen og Fleskedalen i aust og Noreg og Nordeuropa sitt høgast uregulerte vassfall - 273 meter fritt fallStølsmaradalen og Gravdalen i vest er også innan landskapsvernområdet.

Kjende turistattraksjonar som Vettisfossen, Skogadalsbøen, Avdalen,Vetti og Naturhuset er sentrale i verneområdet.  

KVIFOR VERN

Formålet med landskapsvernområdet er å verne eit vilt og vakkert vestlandskap med naturmiljø og kulturminne i tilknyting til Jotunheimen nasjonalpark, samstundes som områda skal kunne nyttast til landbruk, friluftsliv, jakt og fiske. 

Verneforskrift for Utladalen landskapsvernområde
Forvaltningsplan for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde
Skjøtselsplan for Utladalen landskapsvernområde
Kart over verneområdet

 

Revidert verneforskrift:

I 2004 vart det sett i gang ein prosess for å revidere verneforskriftene for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde. Desse vart endeleg vedtekne av Kongen i statsråd 14.11.14. Meir info om prosessen bak, sjå her.

Magnus Snøtun (Publisert:20.12.2011 Sist endret:24.09.2015)