Vetti - heilskapleg kulturlandskap

Vetti gard og turiststasjon.
Vetti gard og turiststasjon., Foto: Thor Østbye - SNO

 

Delområde Vetti inkluderer dei tre gardsbruka i Vetti, Vetti, Flaten og Lauvhaugen, heimestølen på Vettismorki og fjellstølen i Fleskedalen. Dette var blant dei mestisolerte gardsbruka i landet, men vart på 1970-talet sikra vegtilkomst med "Vettisvegen". Det var landbruksdrift på Vetti fram til 1985. Delområdet omfattar det oppdyrka arealet langs elva, bak Vetti og over Lauvhaugen, stølsvoll og slåttemark på Vettismorki og stølsvollen i Fleskedalen.

Flaten. Tidlegare husmannsplass under Vetti (bak).Dei første dokumenterte kjeldene om busetnad på Vetti er allereie frå 1120. På 1600 og 1700-talet var garden kyrkjegods, men i 1775 vart garden sjølveigar. På ein isolert plass var sjølvberging viktig. Innmarka er på om lag 50 daa, men heile eigedomen er på over 50 000 daa. Utmarka og fjellet har vore ein viktig ressurs for garden. På slutten av 1800-talet begynte turistane å reise inn i fjellheimen og Vetti gard fekk status som turiststasjon. Meir om garden er omtala på Utladalssidene.

I dag er det ikkje fast busetnad på Vetti, men turiststasjonen vert driven om sommaren som kafe og overnattingsstad. Utladalen naturhus står i dag for drifta av turiststasjonen og skjøtsel av delområdet. Skjøtselen inkluderer beitedyr og slått. Dei siste åra har nokre av bygningane på Vetti vorte restaurert, blant anna løa.

 

Tiltak i delområdet (frå skjøtselsplanen):

   Status Merknad 
Inngjerding av eng- og beiteareal for beite kombinert med slått. All innmark er gjerda inn og beite og slått vert gjennomført årleg.  
Opparbeiding av potetåker. Det er ikkje opparbeida fleire åkrar enn den på Lauvhaugen. Bør vere ei praktisk nytta av vekstene. 
Skog i ytterkant av innmark bør ryddast. Det er tynna ein del skog. Vil gjere steingardane meir synlege.
Vedlikehald av stiane opp til Vettismorki og inn till Vettisfossen.  Den gamle kløyvstien opp til Morki er restaurert og oppe på Morki er det lagt ut kavlar. Det er også laga ny bru på Morki, ny utsiktsrampe ved fossen og brua over Utla er reparert etter flaumskader. Sikringstiltak langs stien inn under fossen er rydda opp i.
Restaurering og vedlikehald av bygningar Den store løa med svalgang på Vetti og løa på Lauvhaugen er restaurert. Eldhuset på Vetti, buret på Lauvhaugen og løa på Flaten er ikkje restaurert. 
Skogrydding og krattrydding.. Arbeidet er konsentrert nede ved gardane. På Vettismorki driv brukarane med årleg rydding.  
Viktig å halde saga på Vettismorki i stand. Saga er i jamnleg bruk og vert halde i hevd av "Morkagjengen".  

 

(Publisert:09.01.2013 Sist endret:15.01.2013)