Ny rekord på Gjendebåten

Det mest populære i Jotunheimen nasjonalpark; Gjendebåten og Besseggen
Det mest populære i Jotunheimen nasjonalpark; Gjendebåten og Besseggen, Foto: Kari Sveen

Sommaren 2015 har vore kald og blaut vil dei fleste påstå. Særleg samanlikna med fjoråret. Men det er inga grunn til å sitte inne å sture. Og mange har oppdaga at ein må kome seg ut og at ein får gode opplevingar i fjellet sjølv om det ikkje er steikande sol.

Harald på Gjendebåten melder at dei sette ny rekord i går, 23.juli: vel 1900 personar løyste billett på ein dag!

Med mykje snø i fjellet har starten vore litt treg, men nå er folket kome seg opp på fjellet. Ynskjer alle gode opplevingar i fjellet resten av sommaren. 

(Publisert:24.07.2015 Sist endret:22.05.2017)