Anbod - invitasjon til konkurranse om istandsetjing av drifteveg i Sunndalen

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre inviterer interesserte tilbydarar til å delta i konkurranse. Anbodet gjeld kjøp av teneste for istandsetting og oppgradering av drifteveg med arbeidsleiing og murearbeid i Sunndalen, Stryn kommune. Tilbodsfrist er sett til 19. juni kl. 12:00.

Arbeidet krev særlege omsyn til terreng, vegetasjon og verneverdiar sidan arbeidet skjer hovudsakleg innanfor nasjonalparken, verna i medhald av naturmangfaldlova. Du finn meir informasjon i konkurransegrunnlaget.

Føremålet med kjøpet er tredelt:

  1. Å gjere enkel restaurering for å ivareta og synleggjere den gamle driftevegen som eit kulturhistorisk minne
  2. Å gjere driftevegen inn mot Sunndalssetra trygg for storfe slik at fleire bruk med beiterett i dalføret vil nytte seg av sommarbeite her inne og dermed bidra til at kulturlandskapet vert halde i hevd
  3. Å stimulere og leggje til rette for utøving av enkelt friluftsliv

Nasjonalparkstyret har arbeidd med istandsetting av utvalde stiar og driftevegar i nasjonalparken. På nokre av stiane og driftevegane er det aktuelt med oppgradering for betre tilrettelegging for ferdsel og framkomelegheit for folk og fe. Nasjonalparkstyret får årleg tildeling av tiltaksmidlar over statsbudsjettet. Val av tiltak som kan setjast i gang er avhengig av tildelte midlar det enkelte året, og kan variera frå år til år.

I 2016 fekk nasjonalparkstyret utarbeidd rapporten Restaurering av drifteveg mot Sunndalssætra i Jostedalen nasjonalpark – rapport med tilråding og kostnadsoverslag. Restaureringa som er tilrådd i rapporten er meint å setje vegen i ein tilstand som gjer det trygt å kunne drive storfe etter. Det betyr reparasjon og oppgradering tilbake til minst slik den ein gong var. Storfe i dag har høgare vekt og er mindre smidig enn buskap var tilbake i tid. God breidde og djupne på trinn der ein må mure er difor nødvendig. Her er biletvedlegget til rapporten.

I 2018 vart om lag 480 meter av den gamle driftevegen rusta opp. Strekninga frå starten av vegen ved brua ved Sunndalen og fram til midt i Grønebakkjen, POI 9 i rapporten, vart då rusta opp, mesteparten ved bruk av maskiner. Her er rapporten etter første år av arbeidet.

I 2019 er det planlagt kjøpe tenester for å vidareføre arbeidet med restaurering av driftevegen i Sunndalen som vart starta opp i 2018. Målet er å ruste opp resten av driftevegen frå Grønebakkjen POI 9 og inn til Glåma POI 46, ei samla lengde på om lag 1500 meter. Store delar av strekninga er det ikkje trong for å gjere noko, men på einskilde bratte parti er det trong for større tiltak som muring av trapp/trinn og breidding av stien. Arbeidet må gjerast manuelt utan bruk av maskin, og der det ikkje finst tilgjengeleg stein langs stien må dette flygast på plass med helikopter. Kostnaden med eventuell flyging av stein til stien vert dekka av oppdragsgjevar, og skal ikkje vere ein del av tilbodsprisen. 

Tiltak skildra i som det blir invitert til tilbod på:

  • Breidde ut sti/endre profil på stien
  • Steintrapper – reparere og mure nye
  • Bygging av stikkrenner, og leie vatn vekk frå stien
  • Rydding av skog med motorsag
  • Legge stein i våte parti av stien.
  • Planlegging og leiing av arbeidet på stien

 

Her er samlelista over alle dokument til konkurransen:

1. Konkurransegrunnlaget

2. Rapport for istandsetjing av driftevegen i Sunndalen med biletvedlegg

3. Sluttrapport frå første år med istandsetjing

4. Pris- og tilbodsskjema

(Publisert:05.06.2019 Sist endret:30.10.2019)